Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

  • Legevakt 116117 når du treng legehjelp raskt, men det ikkje gjeld akutt livstrugande sjukdom.
  • Ta kontakt med fastlegen din i opningstida når legehjelpa kan vente litt.

  • Meir om dette: Helsenorge.no - Om legevakt
  • Eid Legekontor kan kontaktast på telefon 57863020 eller gjennom SMS-tenesta du finn informasjon om her på nettsidene.

 

Om våre tenester:

Eid Legekontor ligg på Nordfjordeid. Alle fastlegane i Eid kommune arbeider her. Alle legane er privatpraktiserande fastlegar med kommunale delstillingar som tilsynslege ved sjukeheim/eldretun, skule- og helsestasjonslege, smittevernlege, lege i psykososialt kriseteam m.v.

Fleire av legane ved kontoret har gjennomført fem års spesialistutdanning og er spesialistar i allmennmedisin. Denne spesialistgraden må etter første gongs godkjenning fornyast kvart femte år etter sentrale krav til fagleg oppdatering og utdanning.

Ein av legane ved kontoret er godkjend sjømannslege, og to av legane er godkjende petroleumslegar.

Eid Legekontor har til vanleg turnuslege i arbeid ved kontoret. Turnuslegen arbeider fritt på alle fastlegelistene og får rettleiing av dei andre legane ved kontoret.

Eid Legekontor samarbeider også med Universitetet i Bergen, og legane tek del i praktisk undervisning av legestudentar. Pasientar vil kunne bli bedne om å delta i denne undervisninga.

Dei sju fastlegane ved kontoret har til saman litt over 6300 pasientar på listene sine.

Vi oppfordrar alle pasientar til å nytte SMS-melding eller desse internettsidene ved bestilling av timar og reseptar på faste medisinar. Dette vil frigjere kapasitet som vi kan nytte i pasientbehandling framfor meir administrative tenester.

Ved trong for akutt legehjelp kan ikkje SMS-melding eller internett nyttast fordi vi ikkje kan vere sikre på at vi fangar opp meldinga raskt nok. Ring då telefonnummer som oppført øverst på sida.

NYTTIG INFORMASJON


Tom Kruse tilsett som fastlege ved Eid Legekontor

17. april 2017 kl. 22:19

Dr. Kruse tek til som fastlege ved Eid Legekontor 01.05.17.

Han er spesialist i allmennmedisin og har lang erfaring frå allmennmedisin i Sverige. 

Dr. Kruse tek over pasientlista til Dr. Larsen. 

Kim Øivind Larsen sluttar som fastlege ved Eid Legekontor

13. november 2016 kl. 11:03

Dr. Larsen har hatt permisjon frå stillinga si som fastlege ved Eid Legekontor dei siste åra. Han har no valt å arbeide vidare i spesialisthelsetenesta, og han har difor sagt opp stillinga som fastlege. 

Eid kommune vil lyse ut etter ny fastlege. Denne legen vil då overta som fastlege for pasientar som står på fastlegelista til Dr. Larsen.

Inntil vidare vil det vere vikar i stillinga.

Ingeborg Storaas Saltbones tilsett som fastlege ved Eid Legekontor

28. mars 2016 kl. 15:06

Dr. Storaas Saltbones tek til som fastlege ved Eid Legekontor 01.04.16.

Ho vert fastlege for dei pasientane som den siste tida har stått på "Vakantliste Eid". Dette er dei pasientane som HELFO har trekt ut frå listene til Dr. Sandven og Dr. Vingen Vedeld tidlegare i år.

Åpningstider

Ekspedisjon:
Mandag-fredag kl 09.00-15.00

Telefontid:
Mandag-fredag kl 09.00-12.00 og 13.00-15.00

Laboratorium:
Mandag-fredag kl 09.00-14.00

Adresse

Eid Legekontor
Bøen 5
6770 Nordfjordeid

Vis kart

Kontakt oss

Eid Legekontor
Bøen 5
6770 Nordfjordeid

Telefon: 57863020