Senteret sitt bannerbilde

Primærhelseteam


Pilotprosjektet med primærhelseteam (PHT) omfattar alle listepasientane til dei åtte fastlegene som jobbar ved Eid Legekontor. Prosjektet har som hovudmål å betre helsetilbodet til dei som verkeleg treng det, og på sikt gi ei betre ressursutnytting i primærhelsetenesta enn vi har i dag.

Teamet rundt kvar pasient består av pasienten sin fastlege, ein helsesekretær og ein PHT-sjukepleiar. Det vil seie at teamet vil kunne vere forskjellig satt saman rundt dei ulike pasientane. Dei to sjukepleiarane, Nils Anders Sørland og Lise Grønbukt, har vidareutdanning innanfor høvesvis operasjon- og intensivsjukepleie, og har til saman brei erfaring innanfor både spesialist- og kommunehelsetenesta. Dei vil ha eit tett samarbeid med fastlegane, og legane vil bli kopla inn/konferert med der det er nødvendig.

Sjukepleiarane har eigne kontor ved Eid legekontor der dei føretek sjølvstendige konsultasjonar. Primærhelseteam har også som mål å arbeide proaktivt. Det vil seie at ein ønsker å drive oppsøkande verksemd der vi kan reise på heimebesøk om det er vanskeleg for den enkelte å kome på legekontoret på grunn av svekka helsetilstand.

Eksempel på aktuelle grupper som kan ha nytte av oppfølging frå primærhelseteam er:
- Pasientar som har behov for ei tettare oppfølging av den medisinske tilstanden sin
- Dei med store og samansette hjelpebehov
- Kronisk sjuke, til dømes hjerte- og karlidingar, KOLS, diabetes type II, hypertensjon o.l.
- Personar med store funksjonsnedsettingar
- Psykisk utviklingshemma
- Personar med psykiske lidingar/ruslidingar
- Skrøpelege eldre
- «Svake etterspørjarar»

Eksempel på oppgåver som kan utførast av primærhelseteam er:
- Generelle helsesjekkar
- Årskontrollar
- Oppfølging av kronisk sjukdom ved sidan av konsultasjonar med fastlege
- Legemiddelgjennomgang
- Journaloppdatering
- Tverrfagleg samarbeid, koordinering av oppgåver, ansvarsgruppemøter etc.
- Støttesamtalar
- Pasientundervisning/rettleiing
- Oppfølging etter nyleg utskriving frå institusjon/sjukehus/rehabilitering