Det er no oppretta ei ny fastlegeliste i Eid. Denne lista heiter mellombels "Vakantliste Eid". Ny fastlege vert tilsett i nær framtid.

 

Dr. Vingen Vedeld er tilsett som Kommuneoverlege i Eid frå 01.01.16, og han reduserer difor arbeidsmengda si som fastlege. Pasientlista hans vert no redusert til eit listetak på 480 pasientar. HELFO (Helseøkonomiforvaltningen) har overført eit tilfeldig utval på 560 pasientar frå Dr. Vingen Vedelds liste til "Vakantliste Eid". 

 

Dr. Sandven reduserer også pasientlista si noko. Her har HELFO overført eit tilfeldig utval på 240 pasientar frå Dr. Sandvens liste til "Vakantliste Eid". Dr. Sandvens liste vil no ha eit listetak på 800 pasientar. 

 

HELFO har gjennomført flyttinga av pasientar, men legekontoret vil ikkje motta oppdaterte lister før 01.02.16. Endringane er oppdatert i HELFO sine register, og dei som vil sjekke om dei er tildelt ny fastlege, kan gjere dette på https://helsenorge.no/behandlere/bytte-av-fastlege.