Senteret sitt bannerbilde

Kristianne Nore er tilsett som fastlege ved Eid Legekontor

26. september 2018

Dr. Kristianne Nore er nytilsett som fastlege ved Eid Legekontor, legevaktsjef ved Nordfjord Legevakt og tilsynslege ved Øyeblikkelig Hjelp Døgneining og Hogatunet. 

Dr. Nore arbeider på ei nyoppretta fastlegeliste. Pasientane på denne lista har tidlegare hatt Dr. Saltbones eller Dr. Kruse som fastlege, og har blitt flytta som eit tilfeldig utval gjort av HELFO ved oppretting av den nye fastlegelista. Alle pasientar skal ha blitt varsla om dette i brev frå HELFO. 

Ingeborg Storaas Saltbones er i permisjon heile 2018

7. januar 2018

Dr. Ingeborg Storaas Saltbones er i permisjon heile 2018.

Dr. Bavan Balasingham er vikar for henne.

Dr. Balasingham kjem frå Oslo, og han er utdanna lege frå Universitetet i Oslo.

INFLUENSAVAKSINE 2017

18. oktober 2017

Det vert influensavaksinasjon ved Eid Legekontor
tirsdag . 24. oktober og torsdag 26. oktober fra kl 1300-1530

Eid Legekontor tilbyr influensavaksine til følgjande grupper:

* Personar som er 65 år og eldre
* Gravide etter 12. svangerskapsveke
* Gravide før 12. svangerskapsveke med annan tilleggsrisiko
* Barn og vaksne med:
  * diabetes type 1 og 2
  * kronisk hjerte-/karsjukdom
  * kronisk luftvegssjukdom
  * kronisk lever- eller nyresvikt
  * kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  * nedsett immunforsvar
  * svært alvorleg fedme (KMI over 40)

Vaksinering kostar kr 150.- Kontant betaling/visakort i betalingsautomaten.

Dei som alt har legetime får vaksina med fastlegen, utenom dette kan ein trekkje kølapp på laboratoriet.

Tom Kruse tilsett som fastlege ved Eid Legekontor

17. april 2017

Dr. Kruse tek til som fastlege ved Eid Legekontor 01.05.17.

Han er spesialist i allmennmedisin og har lang erfaring frå allmennmedisin i Sverige. 

Dr. Kruse tek over pasientlista til Dr. Larsen. 

Kim Øivind Larsen sluttar som fastlege ved Eid Legekontor

13. november 2016

Dr. Larsen har hatt permisjon frå stillinga si som fastlege ved Eid Legekontor dei siste åra. Han har no valt å arbeide vidare i spesialisthelsetenesta, og han har difor sagt opp stillinga som fastlege. 

Eid kommune vil lyse ut etter ny fastlege. Denne legen vil då overta som fastlege for pasientar som står på fastlegelista til Dr. Larsen.

Inntil vidare vil det vere vikar i stillinga.

Ingeborg Storaas Saltbones tilsett som fastlege ved Eid Legekontor

28. mars 2016

Dr. Storaas Saltbones tek til som fastlege ved Eid Legekontor 01.04.16.

Ho vert fastlege for dei pasientane som den siste tida har stått på "Vakantliste Eid". Dette er dei pasientane som HELFO har trekt ut frå listene til Dr. Sandven og Dr. Vingen Vedeld tidlegare i år.

Endringar i fastlegelistene i Eid

24. januar 2016

Det er no oppretta ei ny fastlegeliste i Eid. Denne lista heiter mellombels "Vakantliste Eid". Ny fastlege vert tilsett i nær framtid.

 

Dr. Vingen Vedeld er tilsett som Kommuneoverlege i Eid frå 01.01.16, og han reduserer difor arbeidsmengda si som fastlege. Pasientlista hans vert no redusert til eit listetak på 480 pasientar. HELFO (Helseøkonomiforvaltningen) har overført eit tilfeldig utval på 560 pasientar frå Dr. Vingen Vedelds liste til "Vakantliste Eid". 

 

Dr. Sandven reduserer også pasientlista si noko. Her har HELFO overført eit tilfeldig utval på 240 pasientar frå Dr. Sandvens liste til "Vakantliste Eid". Dr. Sandvens liste vil no ha eit listetak på 800 pasientar. 

 

HELFO har gjennomført flyttinga av pasientar, men legekontoret vil ikkje motta oppdaterte lister før 01.02.16. Endringane er oppdatert i HELFO sine register, og dei som vil sjekke om dei er tildelt ny fastlege, kan gjere dette på https://helsenorge.no/behandlere/bytte-av-fastlege.

Thomas Vingen Vedeld ny kommuneoverlege i Eid

11. januar 2016

https://eid.kommune.no/thomas-vingen-vedeld-ny-kommuneoverlege-i-eid.19567.aspx

Om betalingsterminal og gebyr

27. oktober 2015

Det har ei tid vore omtale i media om legekontor som belastar pasienten for eit gebyr ved bruk av betalingskort i terminalen frå Melin Medical. Kontora kan med dette unngå å betale leige for terminalen sjølv. Ein del stader vert det også nytta automatar som ikkje tek imot kontantar.

Ved Eid Legekontor er det IKKJE gebyr ved bruk av betalingskort, og terminalen tek også imot kontantar som betalingsmiddel. Slikt gebyr har vi ikkje hatt tidlegare heller, og vi betaler sjølv leige for automaten utan at dette vert belasta pasienten ved betaling med kort/kontantar.

Gebyr tilkjem KUN ved betalingsutsetjing i form av faktura.

Torbjørn Flataker Lien tilsett som fastlege ved Eid Legekontor

30. september 2015

Dr. Flataker Lien tek til som fastlege ved Eid Legekontor 01.10.15.

Han er no fastlege for dei pasientane som tidlegare stod på lista til Dr. Fagerheim før ho slutta i 2013. Den siste tida har denne lista vore merka "Vikarliste Eid legekontor", og Dr. Vilkensen har vore vikarlege på denne lista fram til i sommar.