Bestille time
Logg inn på HelseNorge, eller ring oss.
Bestilling av koronatesting i Stad kommune
Om du tenker at du bør testast for koronavirus, men ikkje tenker at du er så sjuk at du bør undersøkast av lege, skal du ringe kommunen si teneste for bestilling av koronatesting.
Bestilling av koronatesting i Stad kommune: Telefon 91 00 77 08
Bestillingstelefonen er open måndag til fredag kl 09-12.
Pasientar som har fastlege ved Eid legekontor, vert testa ved luftvegsklinikken som ligg rett aust for Nordfjord sjukehus. Vi testar til vanleg alle kvardagar. Testing i helg vert i hovudregelen berre gjort i samband med nødvendig undersøking av legevaktslege.
Er du i tvil om du bør testast? Ta koronasjekken!
Om du er sjuk på ein måte som gjer at du ser behov for å bli undersøkt av lege, skal du ta kontakt med legekontoret på vanleg måte. Utanom kontortid skal du kontakte Nordfjord legevakt. Nødvendig koronatesting vil bli utført i samband med legeundersøkinga.
Pasientar med symptom på luftvegsinfeksjon skal undersøkast i eigne lokale for dette
På Nordfjordeid er det etablert ein eigen luftvegsinfeksjonsklinikk i samarbeid med Nordfjord legevakt. Denne ligg i eit eige bygg rett aust for Nordfjord sjukehus.
Det er svært viktig at personar med luftvegssymptom ikkje møter opp på legekontora, men tek kontakt på telefon for å avtale testing og legekonsultasjon om det er behov for det. Det vert då sett opp time i dei lokala som er omtala her.
Har du behov for laboratorietenester?
Om du treng å ta blodprøver, ber vi deg om å ta kontakt med legekontoret for å få tildelt time til dette.
Har du telefon-/videokonsultasjon oppsett med legen din?
Gå in på https://stad.confrere.com/ litt før timen startar. Vel kva lege du skal snakke med. Du treng ikkje logge inn med Bank ID. Du vil så vente i eit digitalt venterom til legen er klar.
Om du ikkje er i det digitale venterommet når timen startar, vil legen ringe til deg i staden.
Endringar i fastlegetenesta i samband med utbrotet av Covid-19 (koronavirus)
I samband med utbrotet av Covid-19 (koronavirus) er det gjort endringar i organiseringa av fastlegetenesta.
Endringane er gjort for å sikre ei best mogleg drift av primærhelsetenesta i tida framover, samstundes som smittevern og beskyttelse av helsepersonell og dei mest sårbare pasientane blir teke i vare.
Det er i hovudsak to tiltak som er gjort. Alle undersøkingar av pasientar med luftvegssymptom er på Nordfjordeid flytta til ein eigen luftvegsinfeksjonsklinikk.
I tillegg er talet på pasientoppmøte på legekontora noko avgrensa ved å tilby konsultasjonar på alternative plattformer som telefon og video.
E-konsultasjonar via helsenorge.no
Vi ber pasientane våre om å nytte digitale løysingar gjennom helsenorge.no så langt det let seg gjere. Om dette ikkje let seg gjere, eller om hjelpa hastar, kontakt legekontoret per telefon.
Om du loggar inn på helsenorge.no, kan du kontakte legekontoret med «e-kontakt» og du kan ha ein skriftleg «e-konsultasjon» med fastlegen din. Fastlegen vil svare deg så snart som mogleg, og seinast innan fem virkedagar.
Eigenandel ved e-konsultasjon, telefonkonsultasjon og videokonsultasjon.
På grunn av omlegginga av fastlegetenestene nasjonalt, er regelverket endra slik at ein skal betale eigenandel også ved konsultasjonar der ein ikkje møter fysisk på legekontoret. Faktura vert sendt ut, og det finst no gebyrfrie betalingsløysingar.
Sjukmelding
Det er eigne reglar for sjukmelding tilpassa den spesielle situasjonen vi no er i. Vi ber alle pasientar om å orientere seg om dette på nav.no.
Her finner du informasjon om alle våre ansatte ved Legekontoret og du kan gi din tilbakemelding.
Lurer du på korleis du finn fram? Under kontakt og åpningstider finn du all kontaktinformasjon som telefonnummer, adresse og opningstider.
Her kan du lese om tenestene vi tilbyr og kva dei ulike tenestene kostar.
For informasjon om personvern, korleis vi behandlar dine opplysningar og GDPR.
Alle rettigheter 2019 | Senter for Kvalitet i Legekontor - SKIL AS
Nefle er utviklet og eiet av SKIL, med midler fra Den Norske Legeforening
Administrer tilgang